Laurdag 14. januar vart det halde julemarkering for ukrainarar på Fjon fjellkyrkje. Dette vart ei fin oppleving for alle som var til stades.
På førehand var det gått ut innbyding til alle ukrainarar i Nordhordland, i Gulen og i Modalen. Det deltok ukrainarar frå Masfjorden og Fedje, i tillegg til ukrainarar frå den ortodokse Kristi åpenbarings menighet i Bergen. Desse kom i hovudsak frå Bjørnefjorden, men det kom også folk frå Kvam.
Innhaldet i programmet var tredelt: Fyrst ortodoks gudsteneste, deretter ukrainsk julemåltid, og til slutt eit kulturprogram.
Men før dette skulle maten førebuast, og i løpet av nokre få timar var det laga til ein trerettars ukrainsk julemiddag. Eg telde på eit tidspunkt ni personar på kjøkkenet, alle travelt opptekne med å førebu julemåltidet. Snakk om effektive folk!
Klokka 16:00 var det ortodoks gudsteneste, ei litt forkorta messe. For ein som aldri har vore til stades på ei slik gudsteneste før, vart det ei litt framand, men veldig vakker oppleving. Og det var interessant å sjå korleis kyrkjelyden deltok i gudstenesta.
Etterpå var det mat. Det vart dekka til langbord. Og for eit langbord! Rettane som vart sette fram på bordet, var etter ukrainsk skikk reine dekorasjonane, og etter kvart som måltidet skreid fram, kunne ein konstatere at dei var like velsmakande som dei var vakre. Og den varme maten som var servert, var også svært god. All honnør til dei travle folka på kjøkkenet.
Kulturprogrammet starta med at den ukrainske nasjonalsongen vart sungen. Alle reiste seg og var med, og ein kunne både sjå og høyre at dette var noko som betydde svært mykje. Også det øvrige programmet hadde eit sterkt ukrainsk preg, både ved at det var fleire innslag av ukrainarane sjølve, men også av di andre innslag hadde ukrainsk opphav.
Til dømes framførte pianist Rune Alver to musikkstykke av ukrainske komponistar, i tillegg til musikk av Edvard Grieg og Harald Sæverud. Og to duettar med han og ei fløytespelande ung ukrainsk dame vart på sin vakre måte ei synleggjering av den fine kontakten mellom ukrainarane og oss norske, som kom så godt fram denne kvelden.
Litt kulturell informasjon vart også gitt. Den unge fløytespelande dama heldt eit lite foredrag om bakgrunn for at vi i Noreg har to skriftspråk. Ukrainarane fekk også vite litt om den norske julenissen sitt opphav, og om kvifor det er så mykje krydder i norske julekaker.
Medan ukrainarane som er busette i Masfjorden fekk skyss heim same kvelden, overnatta dei øvrige ukrainarane på Fjon fjellkyrkje før dei søndags morgon vart frakta attende til Bergen i veteranbuss.
Både under opphaldet og i ettertid har eg motteke mykje takk for denne samlinga. Omkvedet var: «Dette var godt for oss. Vi kjem gjerne att.»
Ein skal ikkje utelukke at dersom ein i tida som kjem møter nye personar i og omkring Fjon fjellkyrkje, er det folk som snakkar ukrainsk.
Det er på sin plass å rette ein varm takk til alle som på ulikt vis bidrog til at denne markeringa vart så god for alle som fekke vere med på henne.
Tekst: Rune Garmann
Foto: Privat – atgitt med løyve.
Først publisert https://www.masfjorden.kyrkja.no/Artikler/Artikkeldetaljer/ArticleId/5403/Ukrainsk-julemarkering-pa-Fjon-fjellkyrkje